Masters of War Song av Bob Dylan frå albumet The Freewheelin' Bob Dylan | ||
Utgjeve | 27. mai 1963 | |
Innspelt | 24. april 1963 | |
Sjanger | Vise | |
Lengd | 4:34 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Bob Dylan | |
Tekstforfattar | Bob Dylan | |
Låtskrivar(ar) | tekst: Bob Dylan, musikk: trad. arr. Jean Ritchie |
---|
Come you masters of war
Bob Dylan
|
«Masters of War» er ein song av Bob Dylan, skriven i 1963 og gjeven ut på albumet The Freewheelin' Bob Dylan. Songen er ei tilpassing med ny tekst av «Nottamun Town».[1] Som med mange av dei store songane Dylan skapte på denne tida, tilpassa han ofte eller «lånte» melodien frå tradisjonelle songar. I dette tilfellet hadde han lånt arrangementet av den eldre visesongaren Jean Ritchie. Arrangementet til «Nottanum Town» hadde, som Dylan ikkje visste, vore i familien hennar i mange generasjonar og Rithcie ønskte å verte tilskriven for dette. Dette skjedde derimot ikkje og advokatane til Dylan vart einige med Richie om eit forlik på $5000 mot at ho ikkje gjorde fleire krav på songen.[2]
Det finst ei elektrisk konsertutgåve av songen på Real Live.
© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search